Om

Historia om Vignes grav å spreng og dets arme ridderar



Vignes grav å spreng vart stifta 7.januar 2014. Selskapet har ein ansatt og skal drive med foredrag, toastmastring, konferansier og liknande underhalding. Styret er sett saman av særs gode menneske som bidreg både med menneskelige og foretningsmessige betraktningar. Sjølv om Oddvar er einaste ansatte er styret særs viktig og samen utgjer dei ei kreativ kraft som ein kan og bør bli rørt av. Selskapet held til på Finnøy og kjem til å halde seg der så lenge verda står.




Oddvar Vignes, daglig leiar


Daglig leiar og einaste ansatte. Har drøymt om å vere med  i eit selskap som heiter Vignes grav å spreng sidan år 2000. Eigenlig var draumen Vignes grav og spreng, men sidan å-en provoserte Oddvars lærer-søsken insisterte han på firmanamnet Vignes grav å spreng. Bur på Vignes på Finnøy utanfor Stavanger.  Har 10 års arbeidserfaring frå avisbransjen. 4 år i fjøs. 3 år med mental sprenging. 3 år som pådrivar i Ryfylke Livsgnist. Er agronom og dagleg leiar i Øyposten.


Terje Vignes, styreleiar


Styreleiar og tidligare storaksjonær Terje Vignes. Terje har 40 års erfaring som sjølvstendig næringsdrivande og har spelt ein avgjerande rolle i oppstarten av Vignes grav å spreng. Er særs god til å sei frå om noko er bra eller heilt komplett idiotisk.


Leif Arild Steen, styremedlem


Kreativ dirigent og aksjonær Leif Arild Steen. Leif Arild er kjent for mange i Rogaland som ein av to brødre i "Bugge og Mugge". Han var i hausten 2013 med i programmet "dei ustoppelige" på NRK. Han er og forfattar av fleire bøker, no seinast med boka "Snakk mindre, sei meir". Leif Arild er eit kreativt geni og er eit kupp for Vignes grav å spreng sitt styre.


Ingvar Torbjørn Vignes, styremedlem


Ingvar er tidlegare skulesjef i Sandnes og har massiv erfaring i det meste. Er med i styret mellom anna på grunn av sine evner til å fikse både båtar og menneske som har gått på eit skjer.


Vidar Nisja, styremedlem


Vidar har ikkje den breiaste styreerfaringa men har likevel erfart ting som dei færraste får oppleve i løpet av eit langt liv. Vidar har vore viktig og vil vere viktig i utviklinga av foredrag. Kan og benyttes på bedriftsidrettslaget.


Leif Jakob Flesjå, styremedlem


Leif Jakob er styregrossist og har brei erfaring frå bank og finans. Leif Jakob har vore ein viktig mann i oppstartinga av Vignes grav å spreng og vil vere ein bauta i forsettinga.


Styret i Vignes grav å spreng

  • Styreledar: Terje Vignes
  • Daglig leder: Oddvar Vignes
  • Styremedlem: Leif Arild Steen
  • Styremedlem: Leif Jakob Flesjå
  • Styremedlem: Vidar Nisja
  • Styremedlem: Ingvar Vignes


Organisasjonsnummer: 913 157 591

Adresse: nordre vignes, 4160 Finnøy


Copyright ©  All Rights Reserved