Om

Historia om Vignes grav å spreng og dets arme ridderar

Vignes grav å spreng vart stifta 7.januar 2014. Selskapet har ein ansatt og skal drive med foredrag, toastmastring, konferansier og liknande underhalding. Styret er sett saman av særs gode menneske som bidreg både med menneskelige og foretningsmessige betraktningar. Sjølv om Oddvar er einaste ansatte er styret særs viktig og samen utgjer dei ei kreativ kraft som ein kan og bør bli rørt av. Selskapet held til på Finnøy og kjem til å halde seg der så lenge verda står.

 

Oddvar Vignes, daglig leiar

 

Daglig leiar og einaste ansatte. Har drøymt om å vere med  i eit selskap som heiter Vignes grav å spreng sidan år 2000. Eigenlig var draumen Vignes grav og spreng, men sidan å-en provoserte Oddvars lærer-søsken insisterte han på firmanamnet Vignes grav å spreng. Bur på Nordre Vignes på Finnøy, saman med kona Marie og dotter Agnes. Har 10 års arbeidserfaring frå avisbransjen. 4 år i fjøs. 7 år med mental sprenging. 3 år som pådrivar i Ryfylke Livsgnist. Fullførte sommaren 2022 ein EMBA ved UIS og er ute med boka Sjølvmordsforsøket, livet før og etter, utgitt på Samlaget..

 

Terje Vignes, styreleiar

 

Styreleiar og tidligare storaksjonær Terje Vignes. Terje har 40 års erfaring som sjølvstendig næringsdrivande og har spelt ein avgjerande rolle i oppstarten av Vignes grav å spreng. Er særs god til å sei frå om noko er bra eller heilt komplett idiotisk.

 

Leif Arild Steen, styremedlem

 

Kreativ dirigent og aksjonær Leif Arild Steen. Leif Arild er kjent for mange i Rogaland som ein av to brødre i "Bugge og Mugge". Han var i hausten 2013 med i programmet "dei ustoppelige" på NRK. Han er og forfattar av fleire bøker, no seinast med boka "Snakk mindre, sei meir". Leif Arild er eit kreativt geni og er eit kupp for Vignes grav å spreng sitt styre.

 

Ingvar Torbjørn Vignes, styremedlem

 

Ingvar er tidlegare skulesjef i Sandnes og har massiv erfaring i det meste. Er med i styret mellom anna på grunn av sine evner til å fikse både båtar og menneske som har gått på eit skjer.

 

Vidar Nisja, styremedlem

 

Vidar har ikkje den breiaste styreerfaringa men har likevel erfart ting som dei færraste får oppleve i løpet av eit langt liv. Vidar har vore viktig og vil vere viktig i utviklinga av foredrag. Kan og benyttes på bedriftsidrettslaget.

 

Leif Jakob Flesjå, styremedlem

 

Leif Jakob er styregrossist og har brei erfaring frå bank og finans. Leif Jakob har vore ein viktig mann i oppstartinga av Vignes grav å spreng og vil vere ein bauta i forsettinga.